(Norsk-Norwegian) Johan Galtung, verdens første fredsforskar om konflikten mellom Vesten og Islam
ORIGINAL LANGUAGES, 27 Apr 2015
Jonas Sætre, Uten Filter – TRANSCEND Media Service
14 Apr 2015 – Nyheitsdekninga det siste året har i svært stor grad vore prega av konflikt mellom Islam og Vesten. Frå terrorangrepa i Paris og København og terrortrugsel på norsk jord, til framveksten av IS, norske framandkrigarar og Vestens krigføring i Midtausten. Sjølv for den verdskjende norske professoren og fredsmeklaren Johan Galtung er dette dramatiske tider i tilhøvet mellom Vesten og Islam.
– Me er vitne til eit nokså dramatisk tidsskifte, der kristendommen og sekularismen er på veg nedover, og der islam og nær sagt alt det ikkje-vestlege er på veg oppover, seier Galtung innleiingsvis i denne episoden av Uten Filter.
Galtung, som har over 60 års erfaring med fredsforskning, er ikkje overraska over tilspissinga i midtausten, og brutaliteten ein ser i konflikten mellom Sunni- og Shiamuslimar i land som Irak og Syria. Han ser på det mellom anna som ein naturleg effekt av Vestens mangeårige krigføring i dei muslimske landa.
– Muslimske land er blitt invadert og bombadert, og det er ein viktig årska. Her kan me sjå ein konflikt mellom dei som ønskjer seg beskyttelse frå til dømes ein amerikansk okkupasjon, og dei som absolutt ikkje ønskjer seg det.
Den sterke brutaliteten mellom Sunni- og Shia-muslimane sjokkerer også Galtung, men han trur det vil gjere vondt verre at Vesten blandar seg ytterlegare inn i konflitken.
– Jo fleire ISIS-fightere du drep, jo fleire vil du få. Kanskje fem per ein, kanskje ti per ein. Viss du ved hjelp av militær offensiv, enten om det er i Saudi-Arabia eller Jemen, så håpar ein at om ein drep nokon, så det skje som ei åtvaring til andre om ikkje å gripe til vald. Tvert i mot, ein vil få akkurat det motsette.
I staden så meiner Galtung at løysinga vil vere å nytte forsvaret defensivt, ved å forsyne stader som er truga av IS med materiell.
Galtung er ikkje optimist med tanke på korleis valden kjem til å utvikle seg dei neste åra, og han trur verken Vesten eller IS vil vere i stand til å møtast til forsoning aleine. Han trur løysinga vil liggje hos tredjepartsland som Russland, Kina og india for å på sikt skape ein ny stabil verdsorden.
Fredsforskaran meiner den norske debatten om ytringsfridom og islam er snever og historielaus, og åtvarar om at trykking av karikaturteikningane av Muhammed for einkvar pris, vil kunne føre til fleire terroråtak, som i Paris og København. Også i Noreg.
– Eg trur ikkje dei har forstått at når du lagar karikaturar av islam på den måten dei gjer, når du avbilder deira profet og skapar han om til voldsperson, så er ikkje dette ytringsfridom, det er sjelsdrap. Det er drap av ein kollektiv og individuell muslimsk sjel. Det er eit stikk som går inn i hjarta på den det dreier seg om, seier Galtung.
– Det går gjennom den muslimske verden, dei er sjokkert, dei lider. Og så vil det vere ein eller annan som lider meir enn dei andre, og som er meir aggresive enn dei andre. Og så kjem valdshandlinga. Det skjedde, og det kjem til å skje igjen om ein held fram på same måten.
Go to original – utenfilter.net
DISCLAIMER: The statements, views and opinions expressed in pieces republished here are solely those of the authors and do not necessarily represent those of TMS. In accordance with title 17 U.S.C. section 107, this material is distributed without profit to those who have expressed a prior interest in receiving the included information for research and educational purposes. TMS has no affiliation whatsoever with the originator of this article nor is TMS endorsed or sponsored by the originator. “GO TO ORIGINAL” links are provided as a convenience to our readers and allow for verification of authenticity. However, as originating pages are often updated by their originating host sites, the versions posted may not match the versions our readers view when clicking the “GO TO ORIGINAL” links. This site contains copyrighted material the use of which has not always been specifically authorized by the copyright owner. We are making such material available in our efforts to advance understanding of environmental, political, human rights, economic, democracy, scientific, and social justice issues, etc. We believe this constitutes a ‘fair use’ of any such copyrighted material as provided for in section 107 of the US Copyright Law. In accordance with Title 17 U.S.C. Section 107, the material on this site is distributed without profit to those who have expressed a prior interest in receiving the included information for research and educational purposes. For more information go to: http://www.law.cornell.edu/uscode/17/107.shtml. If you wish to use copyrighted material from this site for purposes of your own that go beyond ‘fair use’, you must obtain permission from the copyright owner.
Read more
Click here to go to the current weekly digest or pick another article:
ORIGINAL LANGUAGES: